Skjemaet gjeld søknad om dispensasjon frå plikta om at all fisk skal vegast fortløpande ved landing for fartøy under 15 meter.
Dispensasjonen inneber at vegeplikta vert utsett fram til fiskar og fangst kjem til mottaksanlegg.
Heimel i forskrift 6. mai 2014 nr. 607 om landings- og sluttseddel, §5 sjette ledd (fiskeridir.no).
Fiskar må sjølv kjøre/følgje eigen fangst til mottaket.
Du skal bruke dette skjemaet også for fritidsfartøy under 11 meter.
Men nokre grupper skal bruke skjemaet påmeldingsskjema for utsett vegeplikt for fartøy under 11 meter.
Dette gjeld:
- fartøy som er registrert i Fiskeridirektoratet sitt merkeregister, og som er under 11 meter.
- Yrkesfiskarar med fartøy under 11 meter, dersom dei ikkje oppfyller vilkåra for å registrere seg i inneverande skjema (Søknad om midlertidig dispensasjon fra vegeplikta for transport av fisk for fartøy under 15 meter). Det kan til dømes gjelde når gangtida er under 3 timar frå fiskefeltet til næraste mottaksanlegg.